Gripen gard og rurale tidsreise
Eit inspirasjonsinnlegg av Helene Olli Sollid frå Gripen Gard
Bondegleda
Aa vera bonde det er best,
daa kan eg frikar vera,
ja meire fri enn fut og prest
eg kan mitt arbeid gjera.
Eg fær kje altid gaa i mak
og altid fint meg klæda,
det fell nok mange tunge tak
- men ogso frimanns gleda.
Elias Mjåtveit, husmann på Holsnøy
Fridom.
Sjølv om eg ikkje er husmann, er eg heilt på line med Elias Mjåtveit i dette diktet. Det er vel med meg som med mange andre som startar «for seg sjølv», me har denne hangen etter å vere «frikar». Vere sin eigen sjef. Me har og eit driv etter å få utretta noko her i verda.
På den andre sida av fridomen og alt som kjem av seg sjølv pga vårt indre driv, må me ha viljestyrken. Styrken til å gjennomføre når det går tungt. Til å stå opp og gå ut i høljeregnet. Få grave den grøfta. Styrke til å setje seg til med kontorarbeidet ein hatar. Få det unna. Orden i systemet. Det har eg funne ut om meg sjølv etter eg byrja som gründer: eg har viljestyrke nok til å handtere fridomen. Den herlege fridomen som gjer livet verd å leve. Men det er viljestyrken som tek fridomen til eit høgare nivå. Nokon kallar det flyt.
Gripen gard og rurale tidsreiser.
Men eg skulle ikkje snakke om flyt. Eg skulle fortelje om Gripen gard og rurale tidsreiser. Om å få til noko.
Då eg kom til Gripen i 2011, tok eg over ein gard med omlag 70 års etterslep. Ingen av bygningane på garden var i brukbar stand. Bustadhuset var ubebueleg. Ikkje vatn, ikkje bad, ikkje skikkeleg kjøken. Eg ordna meg ein liten krok i huset som eg kunne bu i, brukte utedassaen og kasta meg ut i arbeidet. Først måtte eg få garden på føtene. Kva skal ein elles ha ein gard til? Eg sette opp gjerde, rydda beiter, vende land. Sauene kom. Då kjende eg at eg var i gang. Første gongen eg fekk produksjonstilskot var ein merkedag, sjølv om det berre var nokre tusenlappar. No, snart ti år og 4 kilometer gjerde seinare, er betalinga frå staten seks-sifra.
Å setje seg mål.
Kor vil me hen i verda? Eg ville ha ein gard eg kunne leve av. Eg visste ikkje heilt korleis det skulle gå til, men det var mitt overordna mål. Eg ville ha arbeidsplassen min heime på garden, og då måtte eg laga han sjølv.. Eg måtte ta for meg alt eg hadde å by på, både praktisk og mentalt, og pare det med det garden eg hadde. Kva kan det tilsaman verte til? Svaret var ganske overveldande i grunn. Så mange mulegheiter! Lista vart uhorveleg lang! Det er då ein må vere streng og stryke. «Kill your darlings» som det heiter i utlandet. Etter ein del fram og attende fann eg ut kva eg ville, og kor eg ville hen. Slik i store trekk i alle fall.
Den moderne fiskarbonden.
Det var mangesysleriet eg sette meg som mål. Eg ville gjere litt av «alt». Det fine med å vere fiskarbonde er akkurat det, å gjere alt muleg. Tene litt pengar her, og litt der. Hovudsaka er, at det til saman vert eit levebrød. Undertida er det både interessant og spennande. Ingen dagar er like, og fulle av ulike gjeremål. Og på mystisk vis klarar eg å tene pengar.
Sjefen.
Dette høyrest sutalaust ut, men det kan eg avkrefte. Vanskane har stått i kø, og det gjer dei framleis. Eg har teke på meg store og krevjande oppgåver. Av og til kan det vere litt overveldande å ta innover seg, at det er eg som er pådrivar, eg er byggjeleiar, arbeidsleiar, det er eg som skal finne løysingar på problema som oppstår, det er eg som skal finne folk, skaffe material, reise pengar, produserer søknadar osv. Det er eg som faktisk tek alle avgjerder. Det er eg som har funne på og sett det igeng. Mitt ansvar alt saman. Å hildrande du. Samstundes skal eg drive garden, stelle dyra, lage kjøtprodukt av dei, og få inn vinterforet.. Og eg skal drive økoturisme, arrangere kurs og events og styre bedrifta. Undertida har det vore både korona og andre naturkatastrofer. Av og til kan ein verte litt bleik.
Etterslep.
No har eg snart kjempa ned heile etterslepet. Eg har vølt stort sett alle hus, og teke dei i bruk. Eg har fiksa vatn og grave kloakkleidning. Eg har snekra bad og stort kjøken. Eg har set opp to utleigehytter på garden, og ein stor lavvo på Roseholmen, ei lita øy eg eig i Storavatnet. Eg leiger ut heile holmen, med båt, vestar og fiskegarn. Og no, no byggjer eg ny stor grindløe på murane etter den gamle. Løa er ikkje heilt ferdig enno, byggjestart var planlagd til 16. mars i fjor. Arbeidsfolket skulle kome frå Danmark og England. Så der gjekk eg på første smellen. Så har det gått slag i slag, og løa er endå ikkje ferdig, slik ho no skulle ha vore. Men ho er ferdig nok til å stå og sjå veldig flott ut. Festsalen er ferdig, så der har eg byrja å ha nokre arrangement, td 7 ulike kurs i Ullveka, og 4 julemarknadar no i desember. Det gjeld å prioritere. Eg har vald å gjere ferdig det rommet eg kan klare å ha inntekt på, utan at alt er ferdig. Og så tek eg bit for bit. Eg feirar for kvar ting som vert ferdig. For kvar dag er eg nærmare målet, å få løa ferdig og i bruk, og vere ajour på garden.
Bakover er det nye framover.
Dette er mitt nye mantra. Eg byggjer hus og driv gard som dei alltid har gjort. Slik dei gjorde på femtitalet, eller tom slik dei gjorde på 1700-talet. Dette er mi greie. Rurale tidsreiser. Så det er dette besøkjande får når dei kjem i Gripen, anten dei leiger hytte utan mobildekning eller internett, og må lage maten på vedkomfyr, eller dei er med og hesjar ein sommardag. Eller får lære gammalt handverk. Alt saman i autentiske omgjevnadar. Eg meiner det har stor verdi for menneskja som lever no, og kjenne litt på korleis det kunne vere før. Og at det vert mørkt nok om kvelden til å sjå Mjølkevegen.
Ei ekte løe.
I den nye Gripaløa vert det festsal med eige kjøken. Det vert toaletter og servicerom for hyttegjestar. Det vert stort produksjonskjøken, som eg både vil bruke sjølv og leige ut. Det vert stor jordkjellar, tørkerom, røykeri og minimeieri. Men det viktigaste er at det vert flor, og dyrerom, og verdas minste lausdriftsflor. Og på loftet vert det stort lager og verkstad, og høystål. Det er ei ekte gamaldags løe, det er flor, det er hus for kyr og sauer. Ein stad eg kan lagre vinterforet og reparere slåmaskina. (Kan hende det kjem ein hest, men der er eg usikker.) Løa skal gjere garden komplett og få slutt på etterslepet.
Kva no?
Når løa er ferdig, og etterslepet omgjort til vedlikehald, kva då? Skal eg vere nøgd med det, produserer haggis, lage ost og jobbe vidare med småprosjekt? Det skal eg nok, men når løa er ferdig, og etterslepet ajour, då har eg fått noko eg kan tilby til felleskapen. Då får eg meir tid til å stelle med nettverket mitt. Treffe andre folk med idear, folk som har lyst å få til noko i lag med andre. Då er eg klar for samarbeid. På skikkeleg. Eg drukna ikkje alle darlingane mine, nokre har eg gøymt til eg kan studere dei saman med andre. Eg er klar for verda. Eller Nordhordland då.
Superpower.
Til slutt vil eg litt attende til gründaren. Kva må til for å lukkast? Eg har hatt noko alldeles overveldande mykje motgang i dette store prosjektet med Gripaløa. Det er slik at ein kan lure på om det kan vere rett og rimeleg. Uansett, slik har det vore, og eg har måtta takle det. Og faktisk har eg takla det ganske greit. Kvifor? Eg har mykje meir energi enn kvarmannsen, eg har mot til å gå på, og eg har eit stabilt og veldig godt humør og passeleg med galgenhumor. Men no har eg funne ut kva som er min superpower. Det er rett og slett at eg ikkje tek sorgene på forskot. Så enkelt som det. Erfaring syner at eg alltid har kome meg gjennom alle vanskane og alt som var tungt og krevjande, og at eg har fiksa det. Kvar gong! Slikt vert det lite øydeleggjande bekymringar av. Tid vert ikkje brukt til grubling og tunge tankar om kor fælt alt kanskje kjem til å verte. I staden er tida brukt til konstuktive tankar og løysingar. Dette er noko eg rår alle til å øve på! Kva er vel betre enn å sleppe å uroe seg?
Helene Olli Sollid